Derfor må du opprette ny konto

Frå 1. januar kom det nye reglar for radiobingo i Norge. Eit av krava er at kjøparar av elektroniske hefte må identifisere seg med BankID.

Det er også ei rekke andre nye krav for sal av bongar på nett. Det går ikkje lenger å kjøpe uregistrert, du må opprette ein konto som bare du har tilgang til.

På "Min side" kan du sjå bongar du har kjøpt til komande spel, historiske bongar og oversikt over kor mykje pengar du har brukt på radiobingo den siste tida.

Eit anna viktig krav er også at du skal kunne stenge deg sjølv ute for ein periode eller alltid.